create account

Tull&Fanteri: Kjærast del 2 by driftnerd

View this thread on: hive.blogpeakd.comecency.com
· @driftnerd ·
$13.20
Tull&Fanteri: Kjærast del 2
_Korleis få seg dame._
### Klede.

Eg reknar med at du har fått med deg [del 1](https://steemit.com/norway/@driftnerd/bullshit-kjaerast) av min utsøkte guide i korleis du kan få deg dame. Har du fått fiksa håret og er klar for neste steg? Tida er inne for å sjå på eit anna viktig tema når det kjem til å imponere damene; nemleg mote.

Det er ikkje så lett å forstå seg på mote. Den eine dagen er det inn med ein stil, den andre dagen endrar det seg til det stikk motsatte. So kjem plutseleg ein gammal, uggen mote frå 1952 tilbake igjen, og slik fortset det. Men kven bryr seg? Har ein ei jeansbukse og ein collegensar så er ein tidlaus, men samtidig vert ein jo ikkje akkurat lagt merke til. Og nettopp det å skilje seg ut er jo poenget.

Slik eg ser det har du 2 val når det kjem til damer:

<b>Den vanlege dama:</b>
Kvinner er opptekne av kjendisar, og tykkjer alt dei har på seg er svære greier. Så kvifor ikkje sjå til nokre av dei mannlege superstjernene, og ta det derifrå.
<center>![](https://steemitimages.com/DQmP4qzDk13sbTLQYo35vVNmDumPmM82XoeuDrBmdBgBC2Z/image.png)
[Photo Source](http://img.wennermedia.com/620-width/1380919786_116532716_nsync-zoom.jpg)</center>

Mang ei jente har sikla etter medlemmane av det legendariske boybandet ‘N Sync. For dei av oss med mannleg kjønnsorgan er det ikkje alltid lett å skjønne kvifor, men slik er det. Her ser vi gutta boys då dei var på topp, og kva er vel meir naturleg enn å sjå til stilen dei hadde då? Og her snakkar vi stil.  Gepardkåpe, lange dressjakkar, vide bukser med batikk- og rosemønster. Kjenner du korleis inspirasjonen kravlar i kroppen?
<center>![](https://steemitimages.com/DQmSGvYXaKUzYRRjRLssy4jjbrUsbwbcJ65YAMNM88N6csB/image.png)
[Photo Source](http://fashion.telegraph.co.uk/galleries/TMG8404507/10-things-women-hate-about-mens-wardrobes.html)</center>

Russel Brand er ein annan kjendis med dametekke. Mannen har jo blandt anna lurt damer som Katy Perry og Sexy Spice, ja Geri Halliwell der altså. Det må jo bety at han gjer noko rett. Ein svart kvinnebluse med nokre kvite blonder på, kombinert med svart, innpåsitjande bukse (kanskje for kvinner denne også?) og sandalar, og du er klar til å imponere. Ikkje la deg skremme av at Brand brukar kvinneklede. Jenter elskar jo menn som er i kontakt med sine feminine sider.
<center>![](https://steemitimages.com/DQmVgHCN313RprZrjsgHosgRTQBRRzKkubFd1nUxMWd6mjb/image.png)
[Photo Source](http://www.theglamourouslife.com/articles/chris-browns-biggest-fashion-fails.html)</center>

Dette må vere dagens enklaste stil å kopiere. Chris Brown er typen som fekk has på sjølvaste Rihanna, banka ho triveleg opp, for så å etterpå bli saman med ho igjen. Ein skikkeleg dritstøvel med andre ord, som likevel fekk dama tilbake. Sjølv om INGEN skal kunne oppføre seg slik, så må det jo vere noko med stilen hans som trekker damer. Her snakkar vi enkelt og greit ei mørk t-skjorte med ein dongerivest over. I tillegg til dongeribukse er hovudfokuset i dette antrekket ei svær, rosa sløyfe. Liknande kleda burde det vere enkelt å finne på ein standard klesbutikk. Sløyfa kan vere meir vanskeleg å finne. Eg anbefalar deg å ta ein tur innom ein leiketøys- eller karnevalsbutikk. Kan hende finn du eit klovnekostyme eller liknande med ei overdimensjonert sløyfe. Litt rosa lakk og du er i mål.

<b>Den moteinspirerte dama:</b>
Du har ein heil del arbeid framfor deg dersom du har sett deg ut ei dame som elskar klede, fashion og  mote. Her snakkar vi nemleg om temmeleg sære greier, som du ikkje får kjøpt samla på ein vanleg klesbutikk. Nokre google søk på til dømes “fashion show” kan hjelpe deg å finne tips til antrekk.

Serviceinnstilt som eg er har eg allereie gjort jobben for deg, og har funne nokre flotte bilete du kan nytte som inspirasjon.
<center>![](https://steemitimages.com/DQmbunMsnREJxbnPyCcFDfnMWWW77fnvuB7vs78bbDpNrDY/image.png)
[Photo Source](https://www.pinterest.com/crimsonqueen/marinas-sexy-man-board/)</center>
Her er eit antrekk som vil ta seg godt ut no når det nærmar seg sommar. Lett og ledig, med god lufting er dette ein stil som få folk til å snu seg etter deg, både kvinner og menn.  Kjetting og arbeidshanskar kan du sikkert få kjøpt på ein jarnvarebutikk. Men når det kjem til over- og underdelen er eg meir usikker. Det beste vil kanskje vere å kjøpe ein gensar, ei bukse og ei saks, og burje å klippe i veg.
<center>![](https://steemitimages.com/DQmetS69tS2guX4Fr56Atoh9znMoyqSusE86jV2q5pLGQa1/image.png)
[Photo Source](http://acidcow.com/pics/6812-strange-mens-fashion-22-pics.html)</center>

Dette antrekket er langt lettare å kopiere. Dressmann har både dressjakkar og skjorter, så ein tur innom der vil sikkert skaffe deg noko av det du treng. Legg dog merke til tvers-over-sløyfa som matchar skjorta og dei høge sokkane, her snakkar vi detaljar. I tillegg sparar du pengar på denne kombinasjonen, sidan du ikkje treng å leggje ut pengar på bukse. Prikken over i’en? Ein bag med yogamatte, som viser damene at du ikkje berre er motebevisst, men også svært fleksibel og i harmoni med universet.
<center>![](https://steemitimages.com/DQmZMdqdbiLffkPVsdXpqtwGbosHUhvAWdeeAeFAwyzUmkL/image.png)
[Photo Source](http://acidcow.com/pics/6812-strange-mens-fashion-22-pics.html)</center>

Endeleg kan du få brukt bursdagskrunene til ungane til noko fornuftig. Her toppar den nemleg eit herleg, royalt antrekk som vil gjere damene reint mo i knærne. Her kan du faktisk også bruke dressjakken frå førre antrekk. Med litt garnrestar og eit par gamle miniputtmedaljar er det fort gjort å dekorere jakken. Høg sokkeføring matchar bra her og, kanskje du har nokre fotballsokkar liggjande? Nokre av dykk vil kanskje reagere på skjørtet, men hugs no for all del på antrekket til Rob Roy og William Wallace. Det er ingenting feminint med skjørt.

<b>Konklusjon:</b>
Som vi snakka om i [del 1](https://steemit.com/norway/@driftnerd/bullshit-kjaerast) av min guide til å få seg kjærast, så handlar det om å skilje seg ut og å bli sett. Ingen damer legg merke til deg om du er ei grå, anonym A4-mus. Og no som du har fått del 2 av fasiten så har du snart all den naudsynte kunnskapen som trengs for å skaffe deg ein livspartner eller to.

Neste gong skal vi ta for oss det lumskne temaet personlegheit.
👍  , , , , , , , , , , , , , , , ,
properties (23)
authordriftnerd
permlinktull-and-fanteri-kjaerast-del-2
categorynorway
json_metadata{"tags":["norway","norge","norsk","funny","love"],"image":["https://steemitimages.com/DQmP4qzDk13sbTLQYo35vVNmDumPmM82XoeuDrBmdBgBC2Z/image.png","https://steemitimages.com/DQmSGvYXaKUzYRRjRLssy4jjbrUsbwbcJ65YAMNM88N6csB/image.png","https://steemitimages.com/DQmVgHCN313RprZrjsgHosgRTQBRRzKkubFd1nUxMWd6mjb/image.png","https://steemitimages.com/DQmbunMsnREJxbnPyCcFDfnMWWW77fnvuB7vs78bbDpNrDY/image.png","https://steemitimages.com/DQmetS69tS2guX4Fr56Atoh9znMoyqSusE86jV2q5pLGQa1/image.png","https://steemitimages.com/DQmZMdqdbiLffkPVsdXpqtwGbosHUhvAWdeeAeFAwyzUmkL/image.png"],"links":["https://steemit.com/norway/@driftnerd/bullshit-kjaerast","http://img.wennermedia.com/620-width/1380919786_116532716_nsync-zoom.jpg","http://fashion.telegraph.co.uk/galleries/TMG8404507/10-things-women-hate-about-mens-wardrobes.html","http://www.theglamourouslife.com/articles/chris-browns-biggest-fashion-fails.html","https://www.pinterest.com/crimsonqueen/marinas-sexy-man-board/","http://acidcow.com/pics/6812-strange-mens-fashion-22-pics.html"],"app":"steemit/0.1","format":"markdown"}
created2018-02-06 08:54:33
last_update2018-02-06 08:54:33
depth0
children5
last_payout2018-02-13 08:54:33
cashout_time1969-12-31 23:59:59
total_payout_value10.358 HBD
curator_payout_value2.843 HBD
pending_payout_value0.000 HBD
promoted0.000 HBD
body_length6,232
author_reputation5,458,231,101,262
root_title"Tull&Fanteri: Kjærast del 2"
beneficiaries[]
max_accepted_payout1,000,000.000 HBD
percent_hbd10,000
post_id35,353,980
net_rshares1,907,059,626,775
author_curate_reward""
vote details (17)
@kapteinb ·
$0.13
Frisøren trengte litt overtaling før hun gikk med på å gi meg en av hårfrisørene fra del 1. Jeg håper de er mindre vrange på Dressmann når jeg viser dem bildene fra denne. Gleder meg til del 3 og mitt nye playboyliv!
👍  ,
properties (23)
authorkapteinb
permlinkre-driftnerd-tull-and-fanteri-kjaerast-del-2-20180206t091222183z
categorynorway
json_metadata{"tags":["norway"],"app":"steemit/0.1"}
created2018-02-06 09:12:21
last_update2018-02-06 09:12:21
depth1
children1
last_payout2018-02-13 09:12:21
cashout_time1969-12-31 23:59:59
total_payout_value0.105 HBD
curator_payout_value0.027 HBD
pending_payout_value0.000 HBD
promoted0.000 HBD
body_length216
author_reputation22,932,489,309
root_title"Tull&Fanteri: Kjærast del 2"
beneficiaries[]
max_accepted_payout1,000,000.000 HBD
percent_hbd10,000
post_id35,357,312
net_rshares19,699,404,565
author_curate_reward""
vote details (2)
@driftnerd ·
Du kjem til å bli ustoppeleg!
properties (22)
authordriftnerd
permlinkre-kapteinb-re-driftnerd-tull-and-fanteri-kjaerast-del-2-20180206t194138349z
categorynorway
json_metadata{"tags":["norway"],"app":"steemit/0.1"}
created2018-02-06 19:41:39
last_update2018-02-06 19:41:39
depth2
children0
last_payout2018-02-13 19:41:39
cashout_time1969-12-31 23:59:59
total_payout_value0.000 HBD
curator_payout_value0.000 HBD
pending_payout_value0.000 HBD
promoted0.000 HBD
body_length29
author_reputation5,458,231,101,262
root_title"Tull&Fanteri: Kjærast del 2"
beneficiaries[]
max_accepted_payout1,000,000.000 HBD
percent_hbd10,000
post_id35,479,867
net_rshares0
@level.north ·
$0.09
hahahaha! Du har uten tvil knekt en kode flere av mannebeinan strever for å finne.
👍  ,
properties (23)
authorlevel.north
permlinkre-driftnerd-tull-and-fanteri-kjaerast-del-2-20180206t205243993z
categorynorway
json_metadata{"tags":["norway"],"app":"steemit/0.1"}
created2018-02-06 20:52:42
last_update2018-02-06 20:52:42
depth1
children1
last_payout2018-02-13 20:52:42
cashout_time1969-12-31 23:59:59
total_payout_value0.076 HBD
curator_payout_value0.011 HBD
pending_payout_value0.000 HBD
promoted0.000 HBD
body_length82
author_reputation1,359,937,005,643
root_title"Tull&Fanteri: Kjærast del 2"
beneficiaries[]
max_accepted_payout1,000,000.000 HBD
percent_hbd10,000
post_id35,492,005
net_rshares13,149,993,538
author_curate_reward""
vote details (2)
@driftnerd ·
Eg veit. Når eg har fått ei slik gudegitt gåve, så er det naturleg å dele på den, føler eg. Eg vil ikkje vere egoistisk.
👍  
properties (23)
authordriftnerd
permlinkre-levelnorth-re-driftnerd-tull-and-fanteri-kjaerast-del-2-20180206t230805966z
categorynorway
json_metadata{"tags":["norway"],"app":"steemit/0.1"}
created2018-02-06 23:08:15
last_update2018-02-06 23:08:15
depth2
children0
last_payout2018-02-13 23:08:15
cashout_time1969-12-31 23:59:59
total_payout_value0.000 HBD
curator_payout_value0.000 HBD
pending_payout_value0.000 HBD
promoted0.000 HBD
body_length120
author_reputation5,458,231,101,262
root_title"Tull&Fanteri: Kjærast del 2"
beneficiaries[]
max_accepted_payout1,000,000.000 HBD
percent_hbd10,000
post_id35,515,538
net_rshares1,620,804,492
author_curate_reward""
vote details (1)
@postpromoter ·
re-driftnerd-tull-and-fanteri-kjaerast-del-2-20180206t210324296z
You got a 2.96% upvote from @postpromoter courtesy of @driftnerd!

Want to promote your posts too? Check out the [Steem Bot Tracker website](https://steembottracker.com) for more info. If you would like to support the development of @postpromoter and the bot tracker please [vote for @yabapmatt for witness!](https://v2.steemconnect.com/sign/account-witness-vote?witness=yabapmatt&approve=1)
properties (22)
authorpostpromoter
permlinkre-driftnerd-tull-and-fanteri-kjaerast-del-2-20180206t210324296z
categorynorway
json_metadata{"app":"postpromoter/1.8.4"}
created2018-02-06 21:03:24
last_update2018-02-06 21:03:24
depth1
children0
last_payout2018-02-13 21:03:24
cashout_time1969-12-31 23:59:59
total_payout_value0.000 HBD
curator_payout_value0.000 HBD
pending_payout_value0.000 HBD
promoted0.000 HBD
body_length392
author_reputation12,722,616,650,811
root_title"Tull&Fanteri: Kjærast del 2"
beneficiaries[]
max_accepted_payout1,000,000.000 HBD
percent_hbd10,000
post_id35,493,857
net_rshares0